Lillehammer Bryggeri

Røsbaks aften - Magnhild Bruheim, Camillia Granlien og Håkon Sveen

Røsbaks tjuende aften

Mars-utgåva av Røsbaks aften 2009 vart særs fargerik. Da hadde Magnhild Bruheim og Camilla Granlien gått i tospann for å presentere dei såkalla Ottadalsdiktarane: Olav Aukrust, Tor Jonsson, Jan-Magnus Bruheim, Tore Ørjasæter og Ragnvald Skrede. I tidleg etterkrigstid var alle desse namna sentrale i Noreg, men i dag blir dei sjeldan nemnt, ikkje eingong under litteraturfestivalen på Lillehammer, nei, aller minst da. Denne kvelden tok to yndige, kloke jenter for seg desse diktarane både i ord og tonar. Det var ein svir å høyre korleis Magnhild Bruheim ordla seg, og korleis ho framførte dikta. Ingen mindre oppleving ga det å høyre den klokkeklare stemma til Camilla Granlien. Heilt utan akkompagnement song ho så vi såg fjell, dalar, elver og skogar i Norddalen, og vidare like inn i den høge himmel.
 Men kvelden var ikkje berre lyrisk. Publikum var bedt om å ta med seg Barnengens after laughter- salve, og den vart det verkeleg bruk for da to ulugume karar frå Kvam entra scena: først den såkalla Lyriker’n, som las poesi av så tvilsamt merke at Røsbak (som trudde han kunne skrive erotisk poesi) vart ein hengeræva moralist. Og i andre avdeling braut ingen ringare enn ’n Jalmar seg inn i dei litterære krinsar så folk vrei seg av latter og helte innpå så mykje Mikrobryggeri-øl at sjansen for at etablissementet nå skal gå på ræva er mindre enn minimal. Den store svenske trubaduren Axel Falk kom innom puben for andre gong, og song ”O, helga natt!” så det kimte i juleklokker – langt uti i mars. Røsbak, som hadde fått gjort ein kongstanke til røynd denne kvelden, tanken om å vise fram norddalskultur i all si bredde og fargerikdom for publikum på puben, las eit dikt om utedassen og pensa innom Kjell Aukrust, men mest sat han stille og koste seg verre, akkurat som resten av publikum.  

Bilder fra arrangementet 26 mars 2009

Klikk på et av bildene nedenfor for å starte bildefremviseren. Deretter kan du bla deg fremover eller bakover gjennom bildene ved klikke på henholdsvis høyre eller venstre side av bildet som vises.



støtter Røsbaks Aften

Hva skjer

les mer

Lørdag 04. november kl. 15.00

Amund Maarud og Ove Røsbak på Eftasbluesen

Fredag 24. november kl. 22.00

Lisa Lystam Family Band
Inngang kr. 200

Lørdag 16. desember kl. 19.00

Akevittvenner og Bryggerivenner inviteres til julebord!

Tirsdag 26. desember kl.21.00

Romjulsbluesen 2017 2. juledag - Erik Harstad & So What
Inngang kr. 200,00

Onsdag 27. desember kl.21.00

Romjulsbluesen 2017 3. juledag - Sidetrack
Inngang kr. 200,00

Lørdag 06. januar kl. 21.00

Trond Granlund Band
Inngang kr. 250

Lørdag 16. mars kl. 21.00

The Irish Vikings - vi feirer St.Patrick's Day.
Inngang kr. 200